Dette er det synet som møter elevane i mellomtrinnsklassene når dei kjem ut i friminutta.

Rundt om på skuleområdet er det ikkje mindre enn tre ballbingar, men ifølgje FAU-leiaren er det fint lite å finne på for dei elevane på mellomtrinnet som ikkje er interesserte i fotball. Haaland ber politikarane om å prioritere midlar som gjer at ein kan få laga til eit variert og attraktivt uteområde som innbyr til leik og fysisk aktivitet. Der det nyleg er fjerna eit stort tre, ønskjer elevane eit stort multileikeapparat. Dette er eit leikeapparat som innbyr til ulike måtar å aktivisere seg på. Her kan du leike med andre eller leike deg utan å samleike.

– Apparatet kostar nokre hundre tusen, men i eit folkehelseperspektiv er det ei lita investering for å stimulere til helsebringande fysisk aktivitet og trivsel på ein skule med over 300 elevar, og der det har vore og er utfordringar knytt til det psykososiale miljøet.

Integrering

– På sentrumsskulen er det etter kvart ein god del flyktningbarn, og ei slik investering vil også kunne vere til stor nytte når det gjeld integrering, ikkje minst for elevar som kjem frå andre land og førebels ikkje kan språket, er samleik ein fin måte å bli kjend med andre på. Elevane ønskjer seg også ein trampoline og sandkasse. Eid kommune får betydelege millionar kroner i flyktningtilskot kvart år. Kanskje kan ein del av desse pengane nyttast til dette føremålet?

Eid inviterer

– Eid inviterer, men kva er det Eid inviterer til. Det er ikkje akkurat innbydande omgjevnader i det sentrale uterommet ved den største barneskulen i kommunen. Det er også trongt om plassen i nokre av klasseromma, påpeikar Haaland. Ho ser ikkje bort frå at tilhøva ved barneskulen er ein av dei faktorane som spelar inn når småbarnsforeldre vurderer om dei skal flytte hit.

– Ein innbydande skule, er også god Eid-reklame, poengterer ho.

Trivsel og læring

Haaland legg vekt på at uteområdet på skulen er ein stor del av elevane sin kvardag. Ein veit at trivsel og læring går hand i hand. Det er ikkje nok å ha gode lærarar. Konfliktar ute kan bli med inn i klasseromma.

– Problemet på Nordfjordeid skule er at det er for få fasilitetar ute som innbyr til ulike typar aktivitet. Somme elevar kan bli gåande åleine, det er ikkje bra, eller dei er inaktive, det er heller ikkje bra. Elevar kan lett kjede seg dersom dei ikkje har noko å finne på, og det kan bli valdeleg leik, i mangel på alternativ.

– Mykje er bra, men …

– Det er mykje som er bra på Nordfjordeid. Sagaparken er eit flott leikeområde, og Haaland registrerer at kommunen allereie har teke seg råd til å lage til både ein og to leikeplassar i Hogaåsen der det førebels berre er nokre få hus under bygging, medan det framleis er ein god del som manglar på uteområdet på den største barneskulen i Eid.

– Det har kome litt betre drenering og belysning, men framleis er det under pari for ein så stor skule, påpeikar FAU-leiar May Brith Haaland.

– Kommunen har ansvaret

På fleire grendeskular har idrettslag og foreldre engasjert seg med dugnad for å forbetre uteområde ved skulane, og det har frå politisk hald i Eid blitt etterlyst dugnad for å betre uteområdet også på sentrumsskulen.

FAU-leiar May Brith Haaland ved Nordfjordeid skule slår fast at det er kommunen som er skuleeigar og som har ansvaret for elevane, også det som går på skulemiljø. Ho trur ikkje at foreldre til barn i sentrumsskulen er mindre engasjerte og villige til å bidra enn i bygdene, men peikar på at skulen på Nordfjordeid ikkje har den same samlande funksjonen.

– Her i sentrum er det mange fleire fritidstilbod som server alle, foreldra i sentrum driv dugnad i mange retningar.

– Det er heller ikkje slik at foreldre berre kan ta seg til rette og byrje å grave på kommunal eigedom, påpeikar ho.

Er ingen konkrete planar

Kommunalsjef Elin Leikanger opplyser at dei kjenner til at det er ønskje om å nytte det aktuelle området ved Nordfjordeid skule til leik, men ho seier at det ikkje er utarbeidd konkrete planar.

Generelt er det avsett 200.000 kroner årleg til uteområde i skular og barnehagar i Eid kommune. Fordeling av desse midlane vert gjort med utgangspunkt i oppvekstplanen.

KONTRAST: Det har allereie blitt laga til både ein og to flotte leikeplassar i det kommunale bustadfeltet Hogaåsen. Kommunalsjef Elin Leikanger opplyser at kostnadene med dette er innarbeidde i tomteprisen. Foto: Anna Wuttudal