Han viser til at området der dei to offentlege toaletta ligg i bukta ved Seljesanden var eit praktområde på 80-talet.

– Så har området stått til forfall for nokre tiår, meiner han. Dette ønskjer bygdeutviklingslaget å få endra. No ser dei for seg eit ambisiøst dugnadsprosjekt.

Målet er å få fleire kommunale toalettanlegg og ein utandørs plass med benkar.

– Der kan ein sitte og nyte utsikta, sjå på dei som er på seglbrett, båtliv eller badeliv, seier Silden.

Bygdeutviklingslaget ser for seg ny platting med plassbygde bord og benkar, og to-tre nye offentlege toalett.

Samarbeid

Dei planlegg å gjennomføre prosjektet ved hjelp av dugnadsinnsats frå lokalsamfunnet, samt innsamling av midlar får bedrifter og privatpersonar. Bygdeutviklingslaget ser på dette som eit unikt høve til å samle fellesskapet og styrke banda i Selje.

– Og så er her absolutt behov for meir offentlege toalett, som kan ta unna toppane. Det ser vi når cruiseturistane kjem med bussar. Eg huskar då den første turistbåten kom til Nordfjordeid så gjekk der noko bussar også til Selje. Og den aller første cruiseturisten eg møtte sa til meg; «Very nice place. Where is the toilet? Dei seier litt om behovet, smiler Silden.

Bygdeutviklingslaget ser fram til eit positivt samarbeid for å forbetre Selje Sjøsportsenter og styrke den lokale «fellesskapsspiriten».