Linja har tysdag kveld sendt ut ein SMS om at det ekstremvêret kan føre til langvaring straumstans.

På egne nettsider skriv Linja at dei er førebudde på ekstremvêret som er meldt, og har driftssentralen og montørstab er oppbemanna i områda.

– Linja har sett beredskap, følgjer situasjonen tett og er førebudd på det som måtte kome, skriv dei.

Alle vert oppmoda om å ladde opp mobiltelefonar.

Ved langvarig straumstans vil mellom anna tryggleiksalarmar for heimebuande bli påverka.

– Kommunen sine tryggleiksalarmar har ei batteritid på 24 timar ved straumstans. Ved tap av nett vil vi ikkje kunne motta alarmane. Kommunen vil i forkant vere i dialog med dei brukarane som nyttar alarmane ofte, skriv Stad kommune på eigne nettsider onsdag kveld.