«Dark mode» som kan oversettast til mørk modus og nattmodus har vore ein trend dei siste åra.

Mørk modus vert gjerne brukt når ein surfar på kveldstid, for å ikkje utsette auga for sterkt lys.

Mørk modus er nemleg ein designvariant i svarte og/eller mørke tonar, i staden for kvitt og/eller lyse fargar. I tillegg har det mørke moduset estetiske fordeler og truleg også batterifordelar.

No kan du skru av og på mørk modus på Fjordabladet si nettside www.fjordabladet.no og Fjordabladet sin app.

Slik ser den kvite designen ut.

Slik gjer du det

  1. Trykk på dine initialar ved sidan av dei tre strekane (oppe til høgre).

  2. Heilt nede får du opp nattmodus. Her kan du velje mellom mørkt eller lyst design. Du har tre val: på, auto og av. Dette kan endrast slik det passar deg.