I dag tysdag hadde Måløyrussen sitt tradisjonelle russetog frå Måløy vidaregåande skule til Måløy sentrum, og Vest politidistrikt gjekk ut og åtvara om at russen kom til delvis å bruke vegbana.

Naudetatane følgde russetoget, og trafikken vart slept forbi ved høve.

No ønskjer politiet russen i Nordfjord ei god russetid!

– Gjer gode val, ta vare på kvarandre og husk å ha det kjekt! Takk for vel gjennomført russetog i dag!, skriv politiet i Nordfjord på si Facebookside.