Luftar idé om andelslandbruk
Ulf Rugumayo Amundsen er gartnar og dagleg leiar for Vie andelslandbruk i Førde. I august flyttar han til Nordfjordeid, der kona Nyonga allereie har starta i jobben som einingsleiar for opplæring og integrering i Stad kommune. No luftar Ulf ideen om det kan vere interesse for å etablere andelslandbruk eller marknadshage på Nordfjordeid.