For to år sidan laga dei til 42 kasser til trengande. I fjor var ein oppe i 72 matkasser, medan det i år allereie er meldt inn eit behov for 101 matkasser.

Kvar matkasse i prosjekt Julekassen har ein verdi på 1.000 kroner.

– Det seier seg sjølv at dette er mykje pengar for oss. Det sprenger alle rammer, seier Sætren, som no frir til det lokale næringslivet.

Utfordrar fleire

Stad Vekst ved leiar Synnøve Aabrekk har også sendt mail til næringslivet, der ein ber om at ein bidrar.

– Vi får spørsmål om kvifor ein skal bidra. Det handlar om omtanke for våre medmenneske, seier Sætren.

Frislid og Sødermann AS er to sponsorar som allereie har meldt inn at ein vil hjelpe.

No utfordrar dei andre aktørar i næringslivet til å støtte Julekassen.

– Eigentleg tenkte vi å kjøpe nokre gåvekort som Røde Kors kunne putte opp på, men no bidrar vi med 5.000 kroner for å hjelpe til, seier Petter Sødermann i Sødermann AS.

Dei viser til at det er mange som samlar inn pengar før jul, men at dette er ei seriøs innsamling som går via Norges Røde Kors, og til lokale innbyggjarar i Stad som slit.

– Ein kan utgiftsføre heile beløpet du gir inntil 50.000 kroner, og for oss betyr det at vi får ei kvittering i rekneskapen, fortel Sødermann.

– Alt som folk legg i handlevognene som er plassert rundt om i alle butikkane kjem godt med, seier Dag Sætren, leiar i Eid Røde Kors. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Manglar mykje

– Veldig positivt at de bidrar, men det er litt igjen til målet på 100.000 kroner. Det er ein lang veg å gå før ein er i mål. Behovet for matkassene er meir enn fordobla på to år, noko som indikerer at fattigdomen aukar mellom folk. Det seier seg sjølv at dette volumet kan Eid og Selje Røde Kors ikkje klare å samle inn på eiga hand. Så no står håpet om at det lokale næringslivet vil hjelpe, seier Sætren.

– NAV stadfestar at matkassene vert godt motteke. Vi veit ikkje kven som får dei, så folk skal ikkje vere redde for at «alle veit», seier Sætren og Astrid Grete Torheim ved Eid Frivilligsentral.

Stor givarglede

Dei opplever stor givarglede. mange privatpersonar legg matvarer i handlekorgene som er sett ut på alle daglegvarebutikkane i Stad kommune. – Vi tømmer desse handlevognene ofte, og det som kjem i dei vert supplert i matkassene. Så alt kjem godt med, fortel dei.