Han viser til at syklane har begynt å kome ut på vegane igjen, men at det er tydeleg at ikkje alle veit kva reglar som gjeld.

– Syklistane må gå av sykkelen når dei skal krysse ein veg, då veit bilistane at dei skal over. Men det er tydeleg at heller ikkje bilistane veit heilt reglane, for nokre stoppar uansett når dei ser nokon på sykkel, kommenterer mannen, som sjølv er mykje ute på sykkel.

– Så lenge syklisten sit på sykkelen så kan bilistane køyre, minner han om.

Han viser til NAF sine tips til ein sikrare sykkeltur. Der står det: « Husk på at du har vikeplikt dersom du syklar over gangfelt. Går du av sykkelen er du rekna som gåande, og biltrafikken får då vikeplikt for deg».

– Bruk hjelm

Han registerer også familier som er ute og syklar saman.

– Då har gjerne ungane hjelm, medan foreldre tydelegvis er redde for sveisen, seier han, som gjerne skulle sett at også dei vaksne brukar hjelm.