:– Det har vore ein god tone mellom politikarane og dei ulike partia i kommunestyret. Det har eigentleg gått som vi håpte – harmonisk mellom ytre og indre del av kommunen. Det eg ikkje er fornøgd med, er at kommunegjelda har auka, seier Ronald Dalsbø, listetopp og ordførarkandidat for Stad KrF. Foto: Anna Wuttudal Foto: Anna Wuttudal

– Vekst og utvikling er jobb nummer ein

Nøyaktig, tolmodig og engasjert, svarar Ronald Dalsbø, Stad KrF sin listetopp og ordførarkandidat, etter å tenkt seg om vel og lenge når Fjordabladet ber han om å beskrive seg sjølv med tre ord.