Styret i NTVV; Johan Endal Duestøl, Therese Drabløslid Aksnes og Ottar Jan Løvoll. Anne Grethe Eikrem var ikkje til stades. Foto: privat

Åheim i Vanylven kommune har dei siste månadane fått mykje merksemd av vindkraftutbyggjarar som har peika ut områder dei meiner er eigna til utbygging.

– Møter med kommunane har allereie vore gjennomført litt i det skjulte. Grunneigarane på  Åheim er i fleirtal for eit  NEI mot vindkraft, og håper at kommunen vil lytte til dei, fortel Therese Drabløslid Aksnes.

Ho viser til at kommunestyret fatta 5. september i år eit einstemming vedtak som seier nei til vindkraft kommunen.

– Arbeidet vidare for Nei til vindkraft i Vanylven blir å vere vaktbikkje overfor politikarar slik at vedtaket står og blir etterfulgt, opplyser ho.

Bålet blei tent av enke og hennar to born. Foto: privat

Spesiell markering

Markeringa i år blei litt spesiell for styret i Nei Til Vindkraft i Vanylven. Laurdag 16. september tapte leiaren i styret, Frode Høgset, kampen mot kreft.

Markeringa blei difor også ei minnemarkering med kona og borna hans, tilstade.

Foto: privat

Dei 45 personane som møtte fram tente kvar sin fakkel frå bålpanna og saman gjekk dei med Frode Høgset si kone og dei to borna for å tenne bålet.

– Mange gode og varme ord blei sagt om Frode Høgset sin kamp for livet, men også hans store kamp I livet! Hans kamp for å bevare naturen og fjella!  Viktigheita ved å overlate natur og fjell slik dei er i dag til komande generasjonar, slik at dei også kan få nyte og bruke den slik vår generasjon har hatt høve til, kommenterer Aksnes.