I år skal Skrivergaarden vere gjestehus for fleire bryllaup. Det er både lokale som skal gifte seg, og meir tilreisande.

Men også andre grupper har tinga opp Skrivergaarden i sommar. Under Malakoff blir det fullt hus, då ei gruppe med menneske som skal på festivalen har valt Leikvin som overnattingsstad.

Andre grupper som kjem er laksefiskarar som skal fiske etter laks både i Eidselva og den lokale elva Hjalma i nærleiken.

Husvertar på Skrivergaarden er Ingrid Grimstad Gjelvik og Thomas Veggeland. Dei opplyser at dei enno har ledige rom gjennom sommaren, så interesserte berre må ta kontakt.

Bryllaup mellom veggar som er over 200 år er blitt populært på den tidlegare skrivargarden. Foto: jørn arne tomasgard