Stadlandet skule feira at sola var tilbake. Foto: Stadlandet skule
Appelsinsol høyrer med. Foto: Stadlandet skule

Dagen blei markert med gul bekledning, gul servering, aldersblanda solrebusløp, bursdagssong til rektor og eit soloppdrag til kvar klasse.

Det blei også bursdagssong til rektor Stig Ågedal-Mortensen, som sjølvsagt hadde kledd seg i gul gensar i dag. Foto: Stadlandet skule
Gul frukt stod på menyen. Foto: Stadlandet skule
Solfeiring på Stadlandet skule. Foto: Stadlandet skule

– Oppdraga blei sjølvsagt framført med resten av skulen som publikum. Elevane frå småskule- og mellomtrinn varta opp med flott kunst, nydelege dikt, funfacts og nye songtekstar, opplyser skulen på si Facebookside.

Elevane frå småskule- og mellomtrinn varta mellom anna opp med flott kunst og nydelege dikt. Foto: Stadlandet skule

Frå åttande klasse fekk ein presentert smarte idear og kreasjonar til utnytting av solenergi, medan tiande klasse serverte ei super teaterframsyning av "Sola og nordavinden".

Tiande klasse serverte ei super teaterframsyning av "Sola og nordavinden". Foto: Stadlandet skule
Tiande klasse serverte ei super teaterframsyning av "Sola og nordavinden". Foto: Stadlandet skule

– Og sidan sola er såpass ustabil her på Stadt, så sørga like godt niande klasse for ei veruavhengig sol til toppen av klatretårnet. Berre sånn i tilfelle, fortel dei.