Det var i år 14 innslag på scena og fire kunstbidrag i Ungdommens kulturmønstring (UKM) i Eid. Innslaga vart presentert av dyktig konferansier Solveig Laukeland Djupegot.
UKM Eid 2018
Deltakarane var ei god blanding av nye, somme var med for første gong, og langt meir scenevande utøvarar. Det som var mest spesielt i år, var at jentene dominerte nesten fullstendig. Berre eitt av song/musikkinnslaga var reint gutenummer, medan det elles i all hovudsak var jenter som opptredde på UKM-scena.
Bør ha større breidde
– Gutane glimrar med sitt fråvær. Det må vi prøve å gjere noko med til neste år, då må dei kome sterkare med, seier kulturskulerektor Dan Aasebø. Han hadde også gjerne sett større breidde. Det var mest tradisjonelle innslag med song, musikk og dans.
– Det hadde vore kjekt med til dømes skodespel og akrobatikk, og det er fleire ting det kunne ha vore meir av. Kan hende må vi gå meir aktivt ut og oppmode ungdom om å melde seg på, for å få eit breiare utval. Vi får sjå om vi får det betre til ved neste korsveg, seier kulturskulerektoren. Han understrekar at sjølv om han kunne ønske seg noko meir variasjon, så var det eit heilt greitt show med gode prestasjonar. – Det var eit veldig høgt nivå på mykje av det som vart presentert.
– Eg trur dei som var der kosa seg, både dei som stod på scena og dei som sat i salen. Det er god trening å øve seg på å opptre sjølv om det ikkje er full sal, påpeikar rektor Dan Aasebø.
Ein av få
Eskil Heggen Starheim var ein av få gutar som tok utfordringa og stilte opp i årets UKM i Operahuset Nordfjord. Det gjekk veldig bra. Han liker å synge og tykte det var kjekt å prøve seg på å stå og synge på scena. Det gav litt meirsmak, og kanskje blir han med fleire gonger.
Nyskaping innan kunst
Ugne Gedvilaite (19) har vore med på UKM mange gongar før og har då stilt med teikning. I år ville ho prøve noko nytt og det vart skulpturen ”Homosapiens”, som dommarane sende vidare til fylkesmønstringa.
Skulpturen er forma som eit hovud kledd med avispapir, der augene er blinde, og det stikk leidningar ut bak.
Ugne forklarer at namnet «Homosapiens», som betyr det vise mennesket, er ironisk meint.
– Vi lever i ei tid der vi er sterkt påverka av media og er påkopla store delar av tida. Mennesket er som ein robot, styrt utanfrå. Augene har ikkje pupillar og ser ikkje kva som er sant.
– Med skulpturen ”Homosapiens” prøver eg å formidle at det er viktig å tenkje sjølv, seier den unge kunstnaren.
Juryen har plukka ut fylgjande deltakarar som går vidare til fylkesfestivalen i UKM:
Scene:
* Sara Sandvik Arnestad – dans
* Mångata – gruppe
* S.U.N. – band
* Kim Schouten – piano
* Alexa Valentina – song
Utstilling:
* Ugne Gedvilaite – skulptur
Dei som sat i juryen var: Birgitte Nerland, Ivan Smilovski, Pascal Sibondagra og Hanna Stautland.
Dei aller yngste UKM-deltakarane er ikkje aktuelle for å gå vidare til fylkesfestivalen.
Stig Kamonen og Ovar Holmen styrte lyd og lys.