Eit sju vekers utgravingsarbeid hausten 2020 på båe sider av Stadlandet der Stad skipstunnel skal gå, gav ny viktig kunnskap om jordbrukshistorie og tidleg busetnad, om det første jordbruket og om korleis folk dreiv der ute i havgapet. Fagfolka frå universitetet i Bergen veksla mellom å jobbe på Eide og i Kjøde.

UTGRAVINGSLAGET: I sving på Eide og i Kjøde bak f.v. Cecilia Falkendal, Lene Synnøve Halvorsen, Fredrik Solli og Margrethe Hope Langhelle. Framme Yvonne Dahl og Lars Røgenes. Foto: Per Ole Lefdalsnes
ARKEOLOGEN: Leiar for prosjektet er arkeolog Yvonne Dahl. Foto: Per Ole Lefdalsnes

Leiar for prosjektet, arkeolog Yvonne Dahl, opplyser at dei brukte gravemaskin til å grave sjakter som var frå 0,5 til fleire meter djupe, 49 sjakter i alt og tre større felt. Deretter tok dei i bruk krafser og graveskei på leiting etter spor av kultur og natur frå fortida. Ved å granske avsetningar av ulike jordlag gjennom tidene, skaffa dei seg kunnskap om folk og levevis. Mindor Honningsvåg var mannen med gravemaskinen.

Stort utgravingsarbeid

Yvonne fortel at dei til saman grov ut 2500 kvadratmeter på Kjøde og i Moldefjorden. I alt blei 258 strukturar kartlagde. Dei fann fleire fossile lag, også gamle fine åkerlag, som strekkjer seg over fleire førhistoriske periodar, frå Eldre steinalder (10000-4000 før vår tidsrekning (fvt.) og framover.

BOTANIKAREN: Lene Synnøve Halvorsen. Foto: Per Ole Lefdalsnes

Funna viser at bruken av området starta med sesongvise besøk i perioden 6000–4000 år fvt. Det kan ein sjå etter funn av restar av nedbrend skog. Botanikaren på laget, Lene Synnøve Halvorsen, tok mange jordprøver med frø og planterestar (pollen og makroprøver), og ein kan slå fast at det var mykje or, bjørk og fure og lynghei i eldre tider på Stadhalvøya. Dessutan fekk ein kunnskap om landbruksaktiviteten i området; kva som var beitemark og kva som var åkerland og når beite og åker vart opparbeidd fyrste gong.

Jordbruket kjem

Det er stor forskjell på kyststroka og områda inne i fjordane der jordbruk med åker, slått og beite blei vanleg for om lag 4000 år sidan.

I Moldefjorden og i Kjøde kan ein sjå at det fyrst og fremst var fast beiting frå perioden eldre og yngre bronsealder 2000 til 500 år fvt., truleg mest sau og geit. Ennå var det ikkje fast busetting eller korndyrking. Det kjem først seinare.

PÅ BERSTAD I MOLDEFJORDEN: Profil gjennom jordlaga. Her blei det teke prøver for pollen, frø og kol for 14C-dateringar. Foto: UIB billedsamlingen

Rundt år 500 fvt. kan ein sjå spor etter dyrking av kveite i begge fjordarmane. Landskapet blei då brukt meir intensivt, skogen blei rydda og beite- og engområde vart utvida, og ein veksla mellom brakklegging, beite og dyrking, men så tidleg fann arkeologane ikkje spor etter hus. Såleis er det botanikken som gjev kunnskap om dei eldste tusenåra.

Eitt av husa var eit slags sjøhus

Yvonne opplyser at dei fann spor etter to hus på Eide frå folkevandringstida, fleire hundre år inn i vår tidsrekning.

I Kjøde var det ingen spor etter hus.

Eitt av husa på Eide var eit slags sjøhus eller verkstad frå rundt folkevandringstida

NEDGRAVEN OMN: Funn frå Eide i Moldefjorden. Omnen ligg inne i sjøhuset. Foto: UIB billedsamlingen

Eitt av husa på Eide var eit slags sjøhus eller verkstad frå rundt folkevandringstida, år 400–560 etter vår tidsrekning (evt.). Det var 12x6 meter, og det blei funne spor etter omnar, kokegroper, slagg og brent tang og tare. Det er også gjort funn av asbestfliser brukt til keramikk.

Spor etter treskipa hus

Ved tunnelinnslaget i eit område med blokksteinsmark blei det funne spor etter eit stort flott treskipa hus frå Folkevandringstida med hellelegging og eldstader. Treskipa hus betyr parvise takberande stolpar slik at huset får tre «skip». Storleiken på dette huset var mellom 12 – 15x6 meter.

Det er også klart at dei i eldre jernalder dyrka bygg både i Kjøde- og ved Moldefjorden.

HUS I BLOKKSTEINMARKA PÅ EIDE: Her vil tunnelinnslaget komme. Dette er eit treskipa hus frå tidleg folkevandringstid. Mogleg endå eldre. Her blei det funne bygg, brende hasselnøttskal og asbestflis i stolpehola. Foto: UIB billedsamlingen
SJØHUSET PÅ EIDE: Huset har lege i strandsona og er datert til folkevandringstida (400-560 evt.). Her er det funne slagg, lang grøft og brent tang og tare i stolpane. Foto: UIB billedsamlingen

Det er også klart at dei i eldre jernalder dyrka bygg både i Kjødepollen og ved Moldefjorden. No på faste åkerteigar, truleg utan brakklegging med fast gjødsling av marka.

Yvonne seier at det er funne få gjenstandar under utgravingane, men at det er gjort fleire gjenstandsfunn som er leverte inn av bønder i området, frå både steinalder og jernalder. Ein reknar med at det kan vere andre busetnader i området som dei ikkje har oppdaga. I alle fall har ein fått ny viktig kunnskap om folk og levevis i gamal tid.

Ferdsel over Mannseidet

Folk med metalldetektorar frå Gloføykje Metallsøkerklubb har funn hestesko og hesteskosaum frå Mellomalderen langs ferdselsvegen over Mannseidet. Arkeolog Yvonne legg til at det alt frå Mellomalderen (1030- 1536 evt.) finst skriftlege kjelder om kontakt mellom dei to sidene av Stadhalvøya, men at ferdselsvegen truleg er svært mykje eldre enn dette, moglegvis attende til eldre jernalder frå år 500 fvt. til år 550 evt.