Ei ny meiningsmåling i samband med påskeferien gjennomført av Opinion på vegner av Røde Kors viser at påska kan vere ei vanskeleg tid for fleire.

Seks av ti svarer at dei for det meste er heime i påska.

– Mange vel å bli heime fordi dei ønskjer det, men for andre er det ikkje det eit val i det heile. Påska kan bli ei stille og vond tid om ein ikkje kjenner seg inkludert sosialt. Dessverre veit vi at mange kjenner meir på einsemd i høgtidene enn elles i året, seier Røde Kors-president Siri Hatlen i ei pressemelding.

Ein tredel av dei spurde som bur åleine fortel om auka einsemd i feriane enn elles i året. Éin av ti svarar at dei er bekymra for å bli meir einsame under årets påske.

Røde Kors-presidenten har ei tydeleg oppmoding.

– Ta kontakt med nokon du ikkje har snakka med på ei stund, kanskje ein venn, ein slektning, ein nabo eller ein kollega. Alle set pris på å bli sett. Ein telefon eller ein invitasjon til ein tur eller kopp kaffi i feriedagane kan bety mykje, seier Hatlen.

(©NPK)