Kviafossen kraftverk ligg øvst i Eidselva i Eid kommune. Eidselva er ein del av Hornindalsvassdraget. Kraftverket ligg seks km aust for Nordfjordeid sentrum. Hornindalsvassdraget er del av Verneplan I for vassdrag med stor vekt på dei naturvitskaplege interessene rundt Hornindalsvatnet. Frå Hornindalsvatnet renn Eidselva forholdsvis slakt ca. 1,5 km ned til Kviafossen. Sjølve Kviafossen består av 7-8 høgdemeter bratte stryk. Nedstraums eksisterande avlaupskanal flyt elva forholdsvis roleg og meandrerande til utlaupet i Eidsfjorden.

Avgrensa utbygging

Prosjektleiar Per Inge Verlo frå SFE Produksjon fortel at dei aller helst vil setje Kviafossen kraftstasjon i drift att, men dersom dei får avslag på anken til OED, er alternativet sett frå deira side å sanere heile anlegget.

Sidan Hornindalsvassdraget er eit verna vassdrag, er det avgrensa kor mykje ein kan bygge ut. Konsesjonssøknaden omhandla eit kraftverk med ein midlere årsproduksjon på om lag 6,2 GWh og ei installert effekt på 0,99 MW slik regelverket tillèt.

Uheldig for gyting og fiske

Verlo seier at ei vesentleg årsak for NVE sitt avslag på konsesjonssøknaden var interessene til elveeigarar og sportsfiskarar som ikkje ville at ein skulle starte opp att kraftverket. Han viser til at Eid elveeigarlag og Eid sportsfiskarlag i ein førehandsuttale i 2012 vedrørande rehabilitering av Kviafossen kraftverk uttalte seg negativt til dette og frårådde SFE å søkje om konsesjon for utbygging, hovudsakeleg om omsyn til verdien av laks og sjøaure. Dei var mellom anna redde for at småfisk av laks og sjøaure (smolt/yngel) samt ål, vil døy som følgje av at dei går gjennom turbin og at utspyling av avlaupsvatn frå turbin vil øydelegge elvebotn i Moahølen, som er ein av dei beste hølane i elva. Det vert i uttalen frå sportsfiskarlag og elveeigarlag peika på at straumen i elva vil endre seg og flytte på massar, at dette er svært uheldig for gyting og fiske og at varierande vasstand i regulert område dessutan vil kunne verke negativt.

Sportsfiskarlaget vil ha sanering

I uttalen heiter det mellom anna at Eid elveeigarlag etter ei totalvurdering stiller seg negativt til ei utbygging med kraftproduksjon. Nokre medlemmer har uttalt seg positivt til rehabilitering, men alle er bekymra for kva verknader dette vil ha for utvandrande fisk, gyteområde og elva generelt.

Eid sportsfiskarlag er imot alle planar for kraftproduksjon i Kviafossen. Sportsfiskarlaget ønskjer fjerning av dammen slik han er i dag, slik at det blir elv der dammen er i dag og betre produksjonsområde for fisk og lengre fiskbar strekning i elva.

I uttalen frå 2012 heiter det at Eid elveeigarlag ikkje har hatt nokon diskusjon om sanering av eksisterande anlegg, men at styret har motteke nokre tilbakemeldingar som er negative om omsyn til sanering av anlegget og der ei melding frå tre av grunneigarane er spesifikt negativ til sanering av dammen.

Ta vare på miljøet

Det vart sendt konsesjonssøknad frå SFE Produksjon til NVE i 2012 og avslaget kom i september/oktober 2014.

Per Inge Verlo i SFE seier til Fjordabladet at dei jobba grundig med saka og tok spesielt omsyn til at Hornindalsvassdraget er verna og at Eidselva er et nasjonalt laksevassdrag. Målet var å få etablert kraftproduksjon i Eidselva utifrå det regleverket gjev høve til og samstundes ta vare på det gamle miljøet, men med fornying av dam og rørgate og ny bruk av kraftverkbygningen. Dei vurderte mellom anna om det var mogeleg å legge eit nytt trerør. Det vart lagt ned mykje arbeid for å finne løysingar for inntak, for å sikre at fisken ikkje gjekk gjennom turbinen, og SFE sa seg også villig til å stoppe kraftproduksjonen i den viktigaste tida for utvandring.

–  Vi vurderte det slik at med dei tiltaka som vi var innstilte på å gjere, så ville dette ikkje vere eit problem i slik grad at det ville påverke bestanden, seier Verlo.

Permanente tiltak

No ligg det altså inne ein anke i OED på avslaget på konsesjon, og subsidiert ein søknad til NVE om å få rive alle anlegga. Søknaden om sanering har vore ute til høyring, med høyringsfrist 15. oktober og saksbehandlar er Silje Solheim hjå NVE sitt kontor i Førde.

SFE Produksjon AS ønskjer at konsesjonssøknaden og søknaden om sanering av kraftproduksjon- og industrianlegga i Kviafossen blir handsama samtidig og koordinert, slik at når eit vedtak vedkomande Kviafossen er fatta, kan SFE Produksjon AS starte med  gjennomføringa av permanente tiltak i fossen.

Ansvar for tryggleiken

SFE Produksjon AS har ansvar for tryggleiken til allmenta og må ut frå dette sjå til at nødvendige tryggingstiltak er utførte og at kraftverksområdet er forskriftsmessig sikra til ei kvar tid. Dette er ei kostnadskrevjande oppgåve som ikkje gjev noko avkastning utan ein eventuell kraftproduksjon i Kviafossen.

Alternativet med sanering medfører at murdammen med terskel blir riven, rørgater med fundament blir rivne, møllebygningen blir riven, kraftstasjonbygning blir riven og avløpskanalen frå kraftverket vert fylt opp, terrenget utjamna og tilsådd.

Dei to andre bygningane som er sett opp i tilknyting til kraftstasjonsområdet, ei gamal smie og eit nyare skur, ligg på Eid kommune sin eigedom. Desse bygningane må kommunen sjølv vurdere kva dei vil gjere med.

Fisketrappa som i dag står i fossen er ikkje SFE Produksjon sin eigedom, og denne skal det ikkje gjerast noko med i samband med tiltaket. Det er likevel mogleg at trappa sin funksjon for oppvandrande laks og sjøaure vil verte endra etter at damanlegget med terskel er sanert. Til dømes vil vasstraumen inn i trappa kunne endre seg som følgje av at dammen, der trappa sin utgang no ligg, får endra vasstand slik at vatnet ikkje renn som før inn i trappa.

Fekk avslag frå NVE

NVE tok i si behandling og avslag på konsesjonssøknaden utgangspunkt i at Kviafossen kraftstasjon har vore ute av drift sidan 1967 og må byggast betydelig om. Dei såg difor på det omsøkte prosjektet om ny drift som eit nytt anlegg.

NVE la i sitt avslag vekt på at det planlagde kraftverket vil kome i konflikt med vassdraget sin status som eit nasjonalt laksevassdrag. Dei peikar på at tiltaket vil føre til betydelig endring av naturleg vassføring på nedre del av anadrom strekning, noko som er av negativ betydning for laksebestanden i eit nasjonalt laksevassdrag. Verknaden for anadrom fisk lenger opp i vassdraget vil også potensielt vere svært store. Tiltaket vil derfor være konfliktfylt med tanke på dei retningslinjene som gjeld for forvaltning av nasjonale laksevassdrag. På grunn av tiltaket si plassering er det, etter NVE si vurdering, lite sannsynlig at konfliktane kan løysast med endring av tiltaket.

Utifrå lovverket skal tiltak ikkje gjennomførast dersom dei fører til endring av naturlig vassføring, vasstemperatur, vasskvalitet eller vandringsforhold på lakseførande strekning som er av nemneverdig negativ betydning for laksen.

NVE skriv at tiltaket vil føre til redusert vassføring på ei 160 meter lang elvestrekning. Det vil også medføre tiltak som vil vanskeleggjere opp- og nedstraums vandring for anadrom og katadrom fisk og kan føre til auka dødelegheit, avhengig av inntaksløysing.

Etter NVE si vurdering er auka minstevassføring ikkje tilstrekkeleg for å avbøte dei negative verknadene for akvatisk miljø. NVE meiner at dei omsøkte utbyggingsalternativa for Kviafossen kraftverk vil frata vassdraget ein stor del av vassdraget sin naturlege vassføringsdynamikk, og den berørte elvestrekninga vil framstå som prega av utbygging

Utifrå konsekvensar for verna vassdrag og nasjonale laksevassdrag meiner NVE at dei samla negative verknadene for vassdraget er omfattande. NVE meiner at fordelane ved tiltaket ikkje er større enn dei samla ulempene.

Sanering vil vere positivt på sikt

Fylkesmannen har i si fråsegn til søknad om sanering av Kviafossen kraftstasjon uttalt at han meiner at saneringa av damanlegget ved Kviafossen vil vere positivt for lakseproduksjonen og for naturmiljøet på litt sikt, men at det kan ventast noko mellombels negativ effekt på grunn av erosjon av slam lagra i dammen. Fylkesmannen peikar imidlertid på at det må føresetjast at arbeidet vert utført så skånsamt som mogleg og ved låg vassføring, fortrinnsvis i perioden juli til september, at erosjonsutsett masse i dammen vert teke ut så langt som råd og at dersom elva vert slamma til av erodert masse frå dammen i eit omfang som kan skade rogn eller yngel, bør gytegroper og ungfiskbestanden undersøkast .

Fylkesmannen legg også vekt på at området ved elva der det vert fjerna installasjonar må få ei mest mogleg naturleg utforming, og at det om nødvendig vert jordslege for at ny vegetasjon skal få etablere seg

Det vert også påpeika at laksetrappa må setjast i funksjonell stand att dersom fiskeoppgangen i trappa vert påverka negativt.

Ber om alternativ mekanisme

Kommunalsjef Elin Leikanger i Eid kommune skriv i ei fråsegn til melding om sanering av Kviafossen kraftverk at eksisterande dam truleg verkar regulerande ved stor vassføring, og at det må gjerast ei vurdering av kor vidt fjerning av dammen vil påverke flaumtilhøva nedstraums. Leikanger peikar på at det går fram av fylkesmannen sin uttale at fjerning av dammen vil ha positiv effekt på oppveksttilhøva for laks og sjøaure. Samstundes kan dammen fungere som ei stengsle, som gjer det mulig å stenge elva for oppgang av fisk dersom det vert påvist sjukdom som ein vil stoppe spreiinga av. Kommunen ber difor om at det vert etablert ei alternativ mekanisme som kan hindre smittespreiing til Hornindalsvatnet.

Fleire har reagert på sanering

Etter at Fjordabladet hadde sak om uttale frå fylkesmannen som er positiv til sanering av Kviafossen, har fleire reagert og teke til orde for å bevare den gamle Kviafossen kraftstasjon. Sist ut var Erling Bjørlo som meiner ei sanering av damanlegget vil få katastrofale følgjer for fisken, mellom anna ved at ein forstyrrar viktige gyteområde.

Knut Moen legg stor vekt på den kulturhistoriske verdien som knyter seg til dette området og anlegget. Kviafossen er ein viktig del av Eid si historie og Moen sa mellom anna at det for ein kulturkommune som Eid bør vere viktig å ta vare på ting som har betydd svært mykje både for

kommunen og innbyggjarar. Han forventar at Eid kommune tek tak i saka i samband med kulturminneplanen som no er ute på høyring.

Personleg meiner Knut Moen at det mest fornuftige ville vere å ruste opp anlegget og starte ny kraftproduksjon. Han trur at ei fjerning av damanlegget vil ha negative konsekvensar for livet i elva.

Området har kulturhistorisk verdi

Kviafossen øvst i Eidselva har sidan 1600-talet vorte nytta til industri. Før Eid kommunale Elektrisitetsverk bygde kraftstasjon i 1915, var det både møller og fleire sagbruk ved fossen.

I 1603 er det registrert to oppgangssager ved Kviafossen. På nordsida stod den største saga, Vedviksaga. Her låg også ei større bygdemølle som vart drive fram til 1960. Mølla kunne male opptil 300 tonn i året.

I 1909 vart det starta snikkarverkstad og møbelfabrikk ved Kviafossen. Fabrikken vart seinare flytta til ny tomt nærare Hornindalsvatnet og mykje utvida.

På sørsida av elva er det to Sefrak-registrerte bygningar frå før 1800-talet som ber spor av den aktiviteten som har vore ved Kviafossen historisk sett. Dette er ein grunnmur etter eit kvernhus, og ein grunnmur etter ei sag som var etablert ved Kviafossen.

Kraftstasjonen med tilhøyrande bygningar og byggverk er ein del av kulturmiljøet på staden, men ingen av bygningane eller anlegget elles er freda eller verna.

Kulturmiljøet ligg i opprinneleg kontekst og inneheld bygningar med kulturhistoriske verdiar. Miljøet er representativt for dei kraftverka som vart bygde på den tida, og som det ikkje finst så mange att av. Den steinsette dammen, røyrfundamenta, den steinsette avlaupskanalen har bygningmessige og landskapsmessige kvalitetar. Sjølve kraftstasjonsbygninga har visse arkitektoniske kvalitetar frå si

tidsepoke, men ber noko preg av reparasjonar i nyare tid og forfall.

Riving av dam, røyrgate og kraftstasjon vil fjerne element i landskapsbiletet som har vore der sidan 1600-talet og som har sin kulturhistoriske verdi.