For Anna og Vilde er heile opplevinga i forkant av Melodi Grand Prix junior mykje større enn sjølve konkurransen. No gler dei seg kjempemasse til å komme til Oslo og møte alle igjen.

– Fram til no har det vore ein veldig fin oppleving. Vi har jo sjølvsagt lyst å vinne, men det er ikkje så superviktig. Vi har fått lov til å vere med og det er det viktigaste for oss, seier Anna. Vilde legg til:

–Dette er noko vil aldri kjem til å gløyme. Eg synest alle deltakarane er på det same nivået og alle saman er like bra. Vi har like god sjanse til å vinne som dei andre ni.

Fått gode MGP vener

Opplevinga av å møte dei andre finalistane, få vener blant dei og kjenne på fellesskapet er ei oppleving dei tek med seg resten av livet. På MGP leiren i august vart dei godt kjend med deltakarane. I dag, tysdag, reiser jentene saman med foreldra til Oslo for å førebu seg saman med dei andre deltakarane til MGP junior laurdag kveld, og det ser dei veldig fram til.

– Vi saknar dei andre deltakarane veldig. Det vi gleder oss aller mest til er vel å sjå dei igjen, seier dei nesten i kor.

Trygt og profesjonelt

For foreldra er det godt å sjå at opplegget i NRK er så profesjonelt og godt tilrettelagt. Sjølv har dei ingen innverknad på kva som skal skje, og får heller ikkje vere med inn på øvingane.

– Vi er veldig lite involvert, vi tar imot dei når dei er ferdig på øving. Vi får ikkje komme innanfor dørene i Spektrum før generalprøven p laurdag. Vi er sett heilt på sidelinja, og det har vi berre godt av. Men vi ser at ungane har det veldig kjekt at dei føler seg trygge og vert godt ivaretekne. Vi føler oss veldig trygge på at dei skal få ei fantastisk oppleving, seier mor til Anna.

Stor lokal støtte

Alle billettane i Oslo Spektrum er utseld, og frå Eid er det 350 stykke som skal reise ned og støtte og heie på jentene frå Eid. Venene har både laga plakatar og går med T-skjorter med Eidahjerte og bildet av dei to jentene inni. Bergart har sponsa begge jentene eidahjerte-øyrepynt i gåve, og T-skjortene er laga av Magni Hjertenes Flyum.

– Det kjem både vener, familie og slekt for å høyre på oss, og det er veldig kjekt, seier dei.

Kor nervøse er de før alt som skal skje denne veka?

– Vi er ikkje så veldig nervøse, vi kjem nok til å kjenne veldig på det når vi står i Oslo Spektrum, seier Vilde.

Syng og spelar heile dagen

Begge to er veldig musikalske, og spelar både piano og syng kvar einaste dag. Dei kjem frå musikalske familiar og har alltid hatt musikk rundt seg. Dei har delteke på Ungdommens kulturmønstring saman, og ser ikkje bort frå at dei vil delta på UKM saman neste år også. Dei kjem iallfall til å opptre oftare saman, og etter finalen i MGP laurdag vert neste oppdrag på kulturnatta den 11. november på Eid.

– Eg trur ikkje eg kunne klart meg utan musikk. Det er noko eg driv med kvar dag, eg syng, spelar piano og høyrer på musikk, det er noko eg har gjort sidan eg var veldig lita. Eg har ein familie som syng og spelar veldig masse, så då har eg berre gjort det eg også, seier Anna.

Også for Vilde betyr musikken veldig mykje.

– Eg høyrer på musikk, syng og spelar piano mange gongar for dag. Vi har eit flygel i stova som eg brukar, seier Vilde.

Mange bidrag

I år kom det inn rekordmange bidrag til konkurransen, der Vilde Hjelle og Anna Naustdal frå Nordfjordeid vart trekt ut til å vere ein av ti finalistar. Blant årets finalistar finn vi eit guteband, ein jenteduo og heile åttesolistar frå Råholt, Stavanger, Mo i Rana, Nærsnes, Asker, Langhus, Lillestrøm, Bodø, Nordfjordeid og Storfjord. Gjennom ei forrykande direktesendt festkveld i Oslo Spektrum, skal vi få sjå alle finalistane opptre, og til slutt stå igjen med vinnaren av MGPjr 2016.

Det er Vilde som har skrive tekst og melodi, og Anna har skrive andrestemma til låta. Tidlegare har Vilde forklart korleis ho kom på refrenget ein gong familien køyrde over Strynefjellet.

– Eg tenkte at det var så fint på Vestlandet, og når eg ein gong kanskje skal flytte vekk, så kjem eg til å lengte heim att, seier Vilde.

Utdrag frå «Vestlandet»: Over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru, der bur du. Håpar du veit, kor heldig du e, du bur på Vestlandet.

Låta kan du høyre allereie no på: Spotify, Wimp, iTunes og på NRK sine MGP junior sider.

Vilde Hjelle og Anna Naustdal (t.v.) trefte kvarandre gjennom skiskyting i Stårheim IL. Laurdag står dei saman i Oslo Spektrum og representerer Eid under årets MGP junior finale. Dei skal syngje ein eigenprodusert låt som heiter «Vestlandet» direkte på riksdekkande tv. (Foto: Anita Ingebrigtsen) Foto: Anita Ingebrigtsen
Vilde Hjelle og Anna Naustdal har sunge heile livet, og laurdag 5. november går draumen om å delta sjølv i Melodi Grand Prix junior i oppfylling. Foto: Anita Ingebrigtsen