– Malakoff har vore utseld dei to siste åra, og vi er på god veg i år også, fastslår festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

I skrivande stund er tredagars teltplass utseld. Todagars teltplass er 90 prosent seld. Av tredagars festivalpass er 91 prosent seld.

Også alle dei andre billettvariantane er det bra sal på.

– Men det er dei ti siste dagane før festivalstart at vi pleier og selje mest billettar, seier han, som er spent på om salsprognosane frå siste åra held same nivå.

Lokale er seint ute

– Vi håper og trur vi vert utselde også i år. Men vi høyrer at det framleis er overraskande mange her lokalt som ikkje har kjøpt billettar endå, fortel han.

Festivalen må selje litt fleire billettar for å halde budsjett.

– Vi brukar meir pengar i år for å kome i mål, mellom anna for å få betre dofasilitetar. Vi brukar mange hundre tusen kroner for å oppjustere toalett i år. Vi ønskjer ingen kø. Kø likar vi ikkje, men det kostar pengar å unngå det. Men for å leggje forholda betre til rette er vi avhengig av å selje mykje billettar, fortel han.

Spennande tider

Festivalsjefen meiner det er spennande tider for å kome i mål til festivalopninga neste veke.

– Vi har eit budsjett på tjue millionar kroner, og skal ha inn ganske mykje sal for å dekke inn det, seier han.

Naustdal er også spent på festivalvêret.

– Vi har så langt hatt ein fantastisk sommar, og vi er spent på korleis det blir framover, men prognosane ser brukbare ut. Vi trur folk kjem til å kose seg rått uansett, men det hadde sjølvsagt vore eit pluss med sol, smiler han.

Eksepsjonell oppleving

Festivalsjefen lovar ein heftig lineup, ein sydande festivalcamp og ein bedageleg lavvocamp, lite køar, gode fasilitetar på eit strålandes festivalområde, teknisk produksjon i særklasse, det beste festivalpublikummet og ein fantastisk frivilliggjeng som gjere sitt ytterste til at alle som kjem til Malakoff18 skal få ei eksepsjonell festivaloppleving.

– Vi manglar framleis litt frivillige, så det er berre å ta kontakt om du kan, seier han.