Ferjesambandet Volda-Folkestad vil få 40-minuttsavgangar med den nye elektriske ferja som kjem i 2020.

Avisa Møre skriv at redusert ferjeavgang vil gå hardt ut over innbyggjarane på Folkestad og bygdene rundt, spesielt for dei som jobbar skift i Volda sentrum.

– Det har gått greitt med 30-minutts ferjeavgangar, men morgon og kveld er det berre kvar time. Vi har fleire innbyggjarar som arbeider i helsesektoren i Volda. Dei er ofte nøydde til å reise ein time før for å rekke arbeid og må vente ein time på kaia før dei kjem seg heim att om kveldane. Det vert ikkje betre med det nye anbodet, og vi er bekymra for fråflytting, nedlegging av skular og barnehagar, som ein konsekvens av dette. Vi fryktar i verste tilfelle ein bygdedød, seier Hege Helland i Folkestad grendautval til avisa.

I dag er det halvtimes avgangar på strekninga, men med liggetid og batterilading vert avgangane reduserte til 40 minutt frå 2020.

Volda kommune krev at det kjem to ferjer og 20-minutts avgangar, lik sambanda nord og sør for Volda, Solevåg-Festøy og Anda-Lote. Samferdselsdepartementet har avvist kravet frå kommunen.

Trafikktala har gått ned

Då Kvivsvegen kom, miste Volda-Folkestad europavegstatus, ferjetilbodet vart redusert og nattferja forsvann.

Kombinasjonen av ruteendringane, saman med det nye alternativet om Kvivsvegen, har ført til nedgangen i trafikken over Volda–Folkestad, og gjort sambandet mindre attraktivt.

Medan det i 2012 var 409.160 køyretøy og 722.581 PBE, var trafikktala på sambandet i 2016 blitt redusert til 278.202 køyretøy og 463.170 PBE.