Politiet kjem aldri til å be folk om å oppgi Bank-ID over telefon, understrekar politiet i ei pressemelding.

Dei skriv at det er fleire norske telefonnummer som blir brukte. Ifølgje politiet tilhøyrer nummera uvitande personar som er drege inn i svindelen med spoofing-teknologi, som gjer at folk kan få det til å sjå ut som om dei ringjer frå eit anna nummer enn dei gjer.

Meldarar har sagt at ein engelsktalande person gir seg ut for å vere frå politiet.

(©NPK)