Trass i fint vêr og tørr vegbane var det ei rekke velt og ulykker der motorsyklar har vore innblanda.

– Det er greitt å starte litt roleg slik at ein kjem i trening med å køyre motorsykkel igjen. Eg veit ikkje bakgrunnen for ulykkene vi har hatt, men det er fornuftig å ta det litt roleg – ein er rett og slett rusten, seier operasjonsleiar Roger Litlatun i Vest politidistrikt til VG.

I Vest politidistrikt var det ingen alvorlege ulykker, men dei fekk ein god del meldingar om småuhell og velt.

Dei alvorlege ulykkene fann stad lenger aust. Frå Vestby vart ein mann i 50-åra flogen til Ullevål sjukehus med alvorlege skadar, og ved Notodden var to MC-er onsdag kveld involverte i det som ifølgje politiet verkar som ei alvorleg ulykke. Det har også vore ei rekke mindre MC-ulykker, og dessutan enkelte veltar.

Ifølgje Trygg Trafikk omkom 21 MC-førarar på norske vegar i 2022 og like mange i fjor.

(©NPK)