– Viss nokre butikkar trur dei kan halde ope fordi det er julaftan, eller fordi dei reknar med julaftan som ein av dei tre siste søndagane før jul, tek dei feil, seier regionsekretær Eirin Saaler Nabben i Handel og Kontor (HK) Region Innlandet til Fri Fagbevegelse.

Årets julaftan fell på ein søndag og er som søndag å rekne.

– Då skal butikkane halde stengt, seier Nabben.

Det betyr at i-siste-liten-shopparar må ta omsyn til reglane som generelt gjeld for søndagar: Søndagsopne daglegvarebutikkar under 100 kvadratmeter med avgrensa utval – eller bensinstasjonar.

Forskar Anita Borch ved Senter for velferds- og arbeidslivsforsking ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO trur mange slike utsalsstader må førebu seg på ekstra trykk på julaftan, ikkje berre av folk som manglar mjølk til grauten.

– Det er mange som handlar inn til jul i siste liten, og særleg menn er ofte litt seint ute, seier ho til NTB.

Ho seier at far i huset tradisjonelt ikkje har ansvar for majoriteten av gåvene, men han er ofte litt seint ute med å få på plass dei han skal leggje under treet. I år kan han ikkje svippe innom kjøpesenteret sånn i farten på julaftan.

– Ja, det kan hende bensinstasjonane bør rigge seg for ekstra innrykk denne gongen, seier Borch.

(©NPK)