Det var laurdag at det gjekk eit snøskred og vegen vart stengt på riksveg 15 Strynefjellet i Stryn/Skjåk. Det vart tatt ny vurdering søndag om vegen skulle opnast. Det er den no.

Statens vegvesen melder om vanskelege køyreforhold i store deler av landet - også Vestland.

– På grunn av store nedbørsmengder og lav temperatur er det vanskelege køyreforhold i store delar av landet. Dette gjeld spesielt i områda vest, midt og nord. Vegtrafikksentralen og våre samarbeidspartnarar er godt kjent med dei vanskelege forholda. Alt mannskap er ute for å gjere tiltak, opplyser vegvesenet.

Det er fare for skred og flaum på Vestlandet.

– Det er meldt om mykje nedbør for store delar av Vestlandet, både i Vestland og Rogaland. Dette kan medføre glatte vegar og fare for flaum og skred utover helga, som igjen kan resultere i at vegar må stenge på kort varsel, melder vegvesenet.