– I år har vi satsa på «dødskonkurranse», der vi riggar opp stupetårn på 10 meter på Totlandskaia. Dei beste hopparane innan «dødsing» kjem til Nordfjordeid. Dette er store stjerner på TikTok. I tillegg kan lokale og tilreisande melde seg på, fortel festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Dei beste hopparane innan «dødsing» kjem til Nordfjordeid. Dette er store stjerner på TikTok.

Dette skjer 21. juli under den tre dagar lange festivalen.

Ideen bak «dødskonkurranse» er å gjere halsbrekkande stup. Til verre mageplask til betre.

– Dette vert nok ein folkefest, der mykje folk vil kome for å sjå. Dette arrangementet er gratis og vår gåve til lokalbefolkninga og Malakoff, seier festivalsjefen.