Helge Haugland informerer om at det er frykteleg mykje hjort langs vegane i området frå Hauane til Hafsås i Stad.

– Denne veka har vi fleire kveldar/netter telt ca 60 - 80 dyr som har kome ned på bøane langs RV15 frå Bjørhovdemyrane til Naustdal. Onsdag kveld var det også hjortepåkøyrsle både i Rysta  og i Naustdalsbakkane. Så eg vil berre oppfordre bilistane til å være obs på dette og avpasse farta, fortel Haugland.