Publikum song av full hals til «Levva livet» og «Æ har så løst te å dains med dæ» med  trønder-Åge & Sambandet.

Gode, gamle klassikarar fenga  eit vakse publikum på festivalen.

–De er eit fantastisk publikum på ein  fantastisk festival. Det er så bra at ikkje alle festivalar har sentralisert seg tli Oslo, påpeikte rocke-Åge, som har spelt på Malakoff tidlegare og på fjøsrock på Haugen for nokre år sidan.

–Dette er den første festivalen vi spelar på i sommar der det ikkje regnar, sa han, og viste til ein solfylt Malakoff Rockfestival.