−Vi set oss heile tida mindre delmål. Men det store målet og draumen er sjølvsagt å kunne leve av musikken ein dag, seier Andreas Raftevold Espelund.

Han ein femtedel av det unge rockebandet Jackbow frå Nordfjordeid.

Dei fem unge rockarane som først kom til UKM fylkesmønstring i Høyanger, og så vidare til landsfestivalen i Sandnes.

Rockeskulen

Dei fem unge gutane er i alder frå 14 til 17 år. Alle har dei halde på med musikk i fleire år allereie, på ulike instrument eller song. Men det var først då dei samla starta på rockeskulen ved kulturskulen i Eid i fjor haust at det losna for alvor.

Etterkvart kom låta «Gravity» opp, og fleire andre låtar både før og etter. No øver dei med rockeskulen halvanna time i veka, og veldig mange timar utanom det.

Målet var landsfestivalen

−Då vi melde oss på UKM lokalt på Eid i januar var vi veldig ivrige på å gå vidare til fylkesfinalen. Og på fylkesfinalen i Høyanger sette vi oss som mål å gå vidare til landsfestivalen. Og sjølvsagt var det stor jubel når dette skjedde.

No gler vi oss veldig til å vere i Sandnes ei veke i slutten av juni, og få stå på scena der, seier vokalist i bandet, Peder Lillestøl Naustdal som saman med dei fire andre i bandet held på med musikken mest kvar einaste helg.

Mykje øving

−Vi øver nesten kvar helg i Gymmen på Eid, seier Håkon Henjesand Høydal.

−Då kan det bli opp til ti timar på ein dag.

  −Ti timar med øving kvar laurdag og søndag?

−Ja, vi er i Gymmen så lenge. Men vi spelar ikkje heile tida. Det går også tid med til prating og ikkje minst eting. Men det er viktig å spele så mykje i lag. Til meir vi lærer kvarandre å kjenne som musikarar og menneske til betre blir det musikalske resultatet, fortel medlemmane av bandet som har kjent kvarandre i mange år.

Det var Sigurd Røyrvik Rønnekleiv og Håkon Henjesand Høydal som starta å spele i lag for om lag fire år sidan. For tre år sidan kom Andreas Raftevold Espelund med, for to år sidan kom Peder Lillestøl Naustdal med på laget og for eitt år sidan blei bandet fullsett med Jakob Hagen.