– Eg har ikkje vore på Skåla før. Det blir spennande å sjå korleis det går, seier Nesheim som ikkje er ukjend med konkurransar. Han er aktiv i skyttarmiljøet og deltok mellom anna på Landsskyttarstemnet i Førde nyleg. Nesheim fortel at han ikkje har hatt tid til å trene så mykje i sommar, men dei hadde seg ein felles treningstur på stien på Skaugset for ei tid tilbake. Målet hans i år er å bruke under 3,5 timar, men han vil også vere ganske fornøgd berre med å fullføre.
– Utgangspunktet er å gå oppover saman, men det kan vere at nokon rykkjer litt frå. Eg tek det ikkje så superseriøst. Det blir artig å vere med, og kanskje satsar eg litt meir til neste år, seier Nesheim.
God motvekt
Det er kollegaen Geir Bakke frå Bryggja som har vore pådrivar for å få fleire i bedrifta med, og i tillegg til Roger er også Thomas Tvedt frå Eid påmeldt. For Bakke er det tredje gongen han deltek i konkurranseklassa. Han trenar eit par gonger i veka, og tykkjer toppturar er ei god motvekt til å sitje framfor dataskjermen. Alle dei tre jobbar som programmerarar/datautviklarar i Local Host på Nordfjordeid og i Måløy.
Skåla Opp foregår i Jostedalsbreen Nasjonalpark frå Sjinglebrua i Loen og opp til tårnet. På 1848 meter over havet er ein på toppen. Konkurranseklassa startar klokka 10.00. For å få godkjent deltaking, må ein vere på toppen før klokka 15.00. Løyperekorden er i dag på 1:07:06 og tilhøyrer Ahmet Arslan, Tyrkia (2012), som har seks EM-gull i Mountain Running.
Deltakarar frå Eid i konkurranseklassene i Skåla Opp:
Kay Roger Haugen, Eid Motbakkelag, M 35–39
Trym Dalset Lødøen, Haugen IL, M 15–17
Arve Einar Sørland, Nordfjordeid, M 40–44
Thomas Tvedt, Nordfjordeid, M 35–39
Jarle Reidar Torheim, Eid IL, M 65–69
Roger Nesheim, Nordfjordeid, M 23–34
Elias Høstland, Nordfjordeid, M 18–19
Rune Kalhagen, Eid Motbakkelag, M 40–44
Sofia Egge, Nordfjordeid, K 23–34
Susanna Niskanen, Eid IL, K 40–44
Endre Risøy, Eid IL, M 23–34
Hans-Aksel Fjelldal, Eid IL, M 55–59
Vegard Myklebust Øien, Nordfjordeid, M 20–22
Arve Rindal, Eid IL, M 23–34
Johan-Olav Smørdal Botn, Stårheim IL, M 18–19
Christian Hildenes, Heia IL, M 23–34
Yngve Furnes, Kjølsdalen, M 23–34