Medieklassa i russekullet kom på besøk for å få ei innføring i kvardagen i avishuset i Fjordabladet.

Redaktør/dagleg leiar Ingebjørg Nilsen Stokkenes informerte mellom anna om utvikling, eigarskap, samarbeid, kjeldebruk, innhald og rekruttering, og ikkje minst kor kjekt det er å jobbe i lokalavis i eit område der det skjer noko heile tida.

Takk for besøket frå russen, og lykke til med resten av russetida.