– Som ansvarleg for innsamling av midlar til Redd Barna frå næringslivet i Stad kommune vil eg rekke ein stor takk  til alle bedriftene for innkomne midlar som truleg vil vere ny rekord.

Næringslivsleiarane i Stad kommune er rause og klar på å yte når det trengst. Bedriftene står klar kvart år når det er innsamling til forskjellige formål, og slik var det i år også, fortel Silden.

Han beklagar at han ikkje rakk å snakke med alle saman.

– Det er ikkje sikkert at alle har fått mail heller, men mange hyggelege telefonsamtaler fekk eg, med positive næringslivsleiarar, seier ordføraren.

– Næringslivet leverer sjølv om mange har fått auka kostnader og at svak krone aukar kostnader på importerte varer. Så på vegne av Redd Barna. Tusen hjarteleg takk for bidraget, seier ordførar Silden.