Det vart i ettermiddag klart at Høgre, Venstre og Framstegspartiet dannar blågrøn regjering saman.

Plattforma til den nye regjeringa

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er godt nøgd med resultatet av forhandlingane. Han er særleg godt nøgd med at partiet har fått sett sitt preg på klima- og næringspolitikk, ikkje minst i retning framover mot det grøne skiftet, som han sjølv er brennande engasjert i.  Bjørlo legg vekt på at ein meir offensiv næringspolitikk er veldig viktig for Sogn og Fjordane, og han er glad for at det i regjeringsgrunnlaget ligg mykje god gründerpolitikk, for å få fart på det næringslivet som ein skal leve av etter oljen.

Alfred Bjørlo er einig i forbodet mot å bruke niqab i undervisningssamanheng. Han meiner det er rett at ein i eit liberalt samfunn skal vise sitt ansikt.

– Kva med avvikling av pelsdyrnæringa?

– Pelsdyr er ei lita symbolsak. Pelsdyrnæringa er etter kvart ei veldig lita næring i Sogn og Fjordane. Det har vore berre eit tidsspørsmål for når den vart bestemt avvikla. No vert det styrt avvikling over år. Eg trur det er til å leve med, seier Bjørlo. Han legg vekt på at det er viktigare at hovudlinjene i landbrukspolitikken elles ligg fast.

Komande fredag blir den nye regjeringa utnemnd.

– Veit du noko om eventuelle departement, statsrådar eller statssekretærpostar?

– Nei, men dei har heilt sikkert tenkt ein del.

Bjørlo trur det er stor sjanse for at Sveinung Rotevatn vil få tilbod om statsråd eller statssekretærpost, og kan bli ein del av regjeringsapparat dersom han sjølv vil.

– Det er viktig for Sogn og Fjordane, og også lokalt, å ha folk på innsida. Som ordførar er det ein stor fordel å ha partiet i regjering. Stortinget er viktig, men mange dag-til-dag-beslutningar blir tekne i regjeringsapparatet. Å vere tettare på innsida, er ein fordel, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.