Også i Selje, til liks med på Leikanger, starta nasjonaldagfeiringa med høgtidsgudsteneste. Men i Selje var dei langt tidlegare ute. Det hadde si naturleg årsak i at skulemusikken og drillen frå Selje også skulle hjelpe til med korpsmusikk på Leikanger. Så for både musikantar og drilljenter vart det ein travel dag.

Det spesielle i Selje var talen som vart halde ved Selje sjukeheim. Talen vart ikkje halde av ein person, men av heile elleve. Alle hadde si spesielle historie som dei formidla på ein tankevekkande og flott måte. Blant unge talarane var det nokre som heilt sikkert var fødde og oppvaksne i bygda. Andre hadde kanskje flytta dit. Atter andre hadde måtte flykte frå heimlandet,  og no funne ein trygg base i Selje. Det var nokre av historiene talarane formidla. Imponerande.

Vi har lagt ved ein liten biletserie som viser litt av folkelivet i Selje på nasjonaldagen – iallfall det vesle vi fekk med oss før vi hasta vidare.