Åge Starheim, leiar i Selje Pensjonistlag og resten av dei frammøtte var godt nøgde med årets Eldredag på Bryggja. Foto: Joakim Vedvik

Kjempar for dei eldre - feira seg sjølv

Torsdag var Selje og Bryggja Pensjonistlag samla på Bryggja samfunnshus for å feire den internasjonale Eldredagen i regi av Pensjonistforbundet. Omkring 60 frammøte frå dei to pensjonistlaga var til stades for å diskutere dei eldre sine rettar og feire dei eldre.