Fleire fylkesvegar kan bli stengde på kort varsel.

– Vi oppmodar om å følgje med på lokale vegmeldingar og vise varsemd, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør, Vestland fylkeskommune, i ei pressemelding.

Følg med på lokale varsel

– Vi har allereie stengt fleire fylkesvegar søndag 21. januar då faren for snøskred er svært stor med det vêret som kjem no, i tillegg til dei vi har stengt grunna skred som har gått, seier Lefdal.

–Vestlendingane må sjå lokale forhold og sjekke vegmeldingar på 175.no og farevarsel før ein vurderer å køyre det neste døgnet, det generelle rådet er å la bilen stå.

Dina Lefdal er avdelingsdirektør i Vestland fylkeskommune. Foto: Ingebjørg Nilsen

I områda Indre Fjordane, Indre Sogn, Voss og Hardanger er farevarselet for skred på raudt nivå for 22. januar. Om ein skal nytte kollektivtransport blir det oppmoda om å sjekke Skyss.no eller Skyss app om det er innstilte eller endra ruter og tilbod.

VGS og tannhelse

Desse forholda gjer at dei vidaregåande skulane i Kvam og Odda vil ha heimeskule og digital undervisning måndag 22. januar. Elevar med særskilde behov for tilrettelegging som ikkje har nødvendig tilsyn i heimen, vil få undervisning på skulen. Rundt Odda er både fv. 550 og rv. 13 i sørgåande retning stengde søndag kveld. Alle dei offentlege tannhelseklinikkane er i utgangspunktet opne. Pasientar blir bedne om å ta omsyn til lokale forhold og kontakte klinikken om ein ynskjer å flytte timeavtalar.

Steinsprang, glatt og vatn i vegen

Det er ikkje berre skredfare som gjer forholda vanskelege. Det er kombinasjonen av mildvêr, store nedbørsmengder og vind som kan skape farlege situasjonar i fleire delar av fylket. Snømassane vil smelte, og det er fare for overflatevatn, steinsprang, isnedfall og svært glatte forhold både på vegar og gang- og sykkelvegar dei neste dagane.

–  Når dette vêret står på veit ein ikkje kva som ventar rundt neste sving, det kan vere både stein og store isklumpar. Vi jobbar på spreng no med å sikre og rydde fylkesvegane og vurdere stenging der forholda blir for farlege, men særleg måndag blir forholda svært vanskelege mange stader i fylket, seier Lefdal.

Sterk vind gjer også at fleire fjellovergangar kan bli stengde, og fører til større skredfare.

Tryggleik kjem først

Grunna stengde fylkesvegar blir det satt opp båttransport mellom Vik og Fresvik og mellom Vik og Arnafjorden i Vik kommune frå morgonen 22. januar. Fylkeskommunen er i dialog med Sogndal kommune om båttransport til Menes og Vetlefjorden.

– Vi følger situasjonen tett i døgna som kjem, også med geologane våre som ser på forholda ulike stadar i fylket. Vi jobbar for å opne fylkesvegane att så snart det er trygt og forsvarleg, men tryggleiken til både trafikantar og mannskap kjem først, seier Lefdal.