Tjuvane har tatt med seg potetgull, energidrikk, sjokolade og frysevarer. Foto: Tår

Det var natt til tysdag at to tjuveri vart gjennomført i Tår-kioskane i Ervik og i Selje.

– Kioskane er videoovervaka, og vi har alt på film. I Ervik så gjekk tjuvane inn klokka 00.25 natt til tysdag, og i Selje gjekk dei inn i kiosken klokka 01.00. Det er same folka, og dei har reist rett frå Ervik til Selje, fortel Ruben Dalsbø, dagleg leiar for Tår AS.

Tjuvane har gått rett inn i kioskane, hadde med seg kasser som dei har fylt opp med potetgull, sjokolade, energidrikk, frysevarer som frossenpizza.

– Dei hadde med kasser inn, og har rive ned ein heil del, seier Dalsbø.

Kjenner du igjen sko, bukse, jakke? Politiet vil ha tips. Foto: Tår

Ønskjer tips

Politiet ønskjer no tips i saka.

– Om nokon har tips, kjenner igjen personane frå overvakingsbileta, eller har observert ein bil i området, så ta kontakt med oss, seier Rognald Dvergsdal, politistasjonssjef i Stad.