– Det blir mogleg å sende ei melding til alle telefonar i Noreg på få sekund. Det vil vere ei enorm oppgradering av høvet til å nå raskt ut til befolkninga om informasjon, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til NTB.

På ein pressekonferanse torsdag sa justisministeren at målet er at systemet skal vere på plass i løpet av året.

Ho forklarer løysinga slik:

– Det er eit pushvarsel som kjem opp hos alle som har mobil. Det finst også ei backupløysing, sånn at viss Telenor til dømes skulle falle ut, så vil dei som har Telenor få varselet likevel.

Det er ikkje snakk om å sende SMS-meldingar, noko som fort kan ta mykje tid viss ein skal no mange mottakarar, seier justisministeren.

Tyfonvarslinga får supplement

Dagens varslingssystem ved krisesituasjonar er dei såkalla tyfonane, 1.250 sirener som er plasserte rundt omkring i byane og lagar ein ulande lyd. Teknologien er ikkje akkurat toppmoderne.

– Mange kjenner dei gjennom desse øvingane som skjer to gonger i året, der det er eit lydsignal som mange tenkjer på som flyalarmen. Det er viktig å få supplert det med eit mobilt varslingssystem som gjer at vi kan sende ut meir detaljert informasjon og raskare, seier Mehl.

Dagens tyfonsignal betyr at du skal søkje informasjon, til dømes i nettaviser, radio og TV. Ein av mange svakheiter med ordninga er at ho ikkje dekkjer heile befolkninga, men berre sentrale strøk.

Mobilvarslinga erstattar ikkje tyfonane.

– I første omgang er det eit supplement. Dei har litt ulike bruksområde, og så må ein vurdere det vidare om det er grunn til å ha begge delar, seier Mehl.

Kan varsle lokalt

Justisministeren understrekar at det nye systemet ikkje berre kan brukast til å varsle om farar, men også for å tryggje befolkninga.

– I nokre av krigens første dagar var det moglegheit for ei atomulykke i Ukraina. Vi har god atomberedskap, men ved ei sånn hending vil vi til dømes kunne seie at dette er ikkje ein fare for oss, viss det ikkje er det, då, seier ho.

Systemet opnar også for at ein kan avgrense kven som skal få meldinga ut frå geografi.

– Viss det er ein skogbrann, kan det jo vere behov for å varsle folk som er i ein bestemd kommune om det, og korleis ein skal ta omsyn til det, seier Mehl.

– Kva kan ein typisk beskjed vere?

– Det er ikkje eg som skal skrive meldingane, men det kan brukast ved ulike scenario. Det kan vere ei melding om fare, til dømes om at ein bør halde seg innandørs dei neste timane. Men det kan også vere motsett, altså at det er trygt, seier Mehl.

Verifisert informasjon

Ho meiner systemet blir eit stort løft for samfunnstryggleiken.

– Folk får mykje informasjon i dagens samfunn. Både gjennom media, men også gjennom bilete som blir spreidde i sosiale medium. Det er viktig at vi kan nå ut til befolkninga med informasjon som er verifisert.

– Men kvar vil terskelen for å varsle liggje? Risikerer vi å bli spamma ned av styresmaktene?

– Dei vurderingane må gjerast av dei som skal bruke dette.

Kostar 42 millionar kroner

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) opplyser at det er selskapet Everbridge Norway som skal utvikle systemet. Kontrakten har ein samla verdi på rundt 42 millionar norske kroner.

Everbridge leverer nasjonale varslingssystem i over 20 land.

– Vi har framleis Sivilforsvarets tyfonar, men den nye mobilvarslinga blir mykje meir presis og blir motteken direkte på alle telefonar i eit definert område, seier Elisabeth S. Aarsæther, direktør i DSB.

(©NPK)