Etter to år med korona og strenge tiltak, er det no endeleg klart for å feire 17. mai på ordentleg vis igjen. I tillegg er det meldt flott vêr med sol og temperaturar opp mot 20 grader.

Del dine bilde frå feiringa av nasjonaldagen med Fjordabladet. Det kan vere alt ifrå kaker, is, bunad, på jobb og god stemning. Send inn anten til olin.yri@fjordabladet.no eller redaksjon@fjordabladet.no.

Du kan også bruke #fjordabladet på Instagram. Legg gjerne ved ein bildetekst og fotograf.

Vi vil dele bilda på fjordabladet.no og i papiravisa.

Vi ønskjer alle saman gratulerer med dagen.