Politiet har fått melding om tjuveri frå båtar både på Søre Sunnmøre og i Nordfjord den siste veka, seinast natt til torsdag.

– Vi tek gjerne imot tips om mistenkeleg aktivitet. Ring oss på 02800, melder politiet på Facebook.

– Det er mogleg at det er tjuveri frå fleire båtar på staden, opplyser politiet i Møre og Romsdal, etter at det var oppdaga at ein båtmotor var borte frå ein båt på Bjørke i Volda kommune.

Det vart mellom anna stole ein Yamaha 60 hk påhengsmotor, samt noko utstyr frå ein båt på Bjørke.

Ein annan båt var også løsna frå fortøyningane, men der var ikkje noko stole.

Siste tida har det også vore tjuveriraid på Bryggja, der fleire båtmotorarar vart stolne. Tjuvane hadde då brukt både sjøveg og privat veg for å gjennomføre toktet.