Det er Malakoff rockfestival som har overteke ansvaret for å skape aktivitet i Gymmen scene- og studio på Nordfjordeid. Sveinung Pile er tilsett i Malakoff, der 50 prosent av stillinga går med til å skape aktivitet i Gymmen. No i haust blei det starta opp med Vinylkveld og Quiz-kveld. Mest kvar kveld er det eit band som øver i Gymmen, og i løpet av mars blir det konsert med Stein Torleif Bjella, og 10.mars er det tid for Americanafestival.

–Denne Americanafestivalen blei til etter ønskje frå lokale artistar. Vi har no med oss åtte lokale band som skal stå på scena under denne festivalen i mars. Dei same folka har også vore med på å få denne festivalen på beina. Dette er ein modell som vi ønskjer oss framover, at lokale som driv med musikk eller scenekunst kan vere med på å få i gang aktivitet i Gymmen, seier Sveinung Pile som ikkje minst etterlyser ungdommen til ei slik oppgåve.

–Vi har prøvd å få med dei unge for skape konsertar og andre kulturarrangement i Gymmen. Så langt har vi ikkje lukkast så godt som vi ønskjer.No prøver vi å få til meir aktivitet, og startar opp med den aldersgruppa som har vist seg å vere lettare å få på bana. Det vil seie vaksne folk som gjerne vil framføre sin musikk, og også vere med som medhjelparar, seier Pile som likevel understrekar at Gymmen primært skal vere eit hus for dei unge.

–Vi håpar at fleire ungdommar vil hjelpe oss med å lage gode arrangement for dei unge. Der meir bruk av Gymmen kan skape ringverknader også hjå dei unge. Og så er dei sjølvsagt velkomne til både konserten med Bjella og Americanafestivalen, seier Pile.

Til Americanafestivalen som er laurdag 10. mars vil åtte lokale band stå på scena. Det er Misery & Company med Atle Oen, Sigmund Larsen, Peter Zenhentbauer, Eirik Haugland og Oddbjørn Melheim. Naustdals med familien Hege og Arnt Ivar Naustdal, Peter Z Deltabluesband med Renate Nekstad, Sverre Brungot, Sigmund Larsen og Peter Zenhentbauer, bandet Jackbow, Silvia Holmøy og Oddbjørn Melheim, Oen m/band og elevar frå kulturskulen i Eid. Som headliner har dei fått med seg Darling West, eit av dei leiande banda i Norge innan country-og americana. Til Americanafestivalen er det sett ei aldersgrense på 18år, det same gjeld for konserten med Stein Torleif Bjella. Arrangør av Americanafestivalen er Gymmen scene- og studio og Operahuset Nordfjord.