Foto: Universitetsmuseet i Bergen

Funna på hotelltomta i Selje er så spesielle, at dei blir lagt merke til.

Det er forskning.no som skriv om saka.

200 arkeologar var tidlegare i veka samla til konferanse i Bergen, på det norske arkeologmøtet som er årets store hending i arkeologikretsar. Konferansen har blitt arrangert sidan 1927.

Årets funn blei stemt fram torsdag. Her var det tre kandidatar:

Eit større tunanlegg frå jernalderen i Harstad og gudehovet på Hov var nominert.

Men det var ein tydeleg vinnar som vann med eit godt fleirtal, ifølgje Ingar Mørkestøl Gundersen, leiar for arkeologmøtet.

– Det er eit svært sjeldan funn i norsk arkeologi som kjem til å bli viktig for forskinga framover, kommenterer Gundersen.

– Her har ein store moglegheiter for vidare analysar. Det er lov å håpe at ein kan få gjort DNA og isotopanalysar, og få kjennskap til kven desse personane var, og meir om deira livsløp, skriv forskning.no