Helse Førde skriv i ei pressemelding at ambulanseberedskapen blir styrka i Stad, Kinn og Bremanger onsdag.

– Ambulansetenesta har styrka beredskapen i kommunane Kinn, Bremanger og Stad. Dei tre kommunane ligg alle i området med raudt farevarsel. Tenesta har retningslinjer for ekstremvêr og tar desse i bruk i slike situasjonar, skriv Helse Førde.

INokre planlagde oppdrag blir difor utsette for å sikre høg beredskap.

Ifølgje Helse Førde er det dialog opp mot enkeltkommunar og legevakt, og det er også kontakt med naboføretak som Helse Bergen og Helse Møre og Romsdal om beredskapsløysingar om infrastruktur skulle falle vekk.

Sjukehusa i Helse Førde førebur seg på eventuelle utfordringar, som mellom anna bortfall av straum og elektroniske kommunikasjonsløysingar. I etterkant av Dagmar i 2011 var mellom anna bruk av satellitt-telefoni eitt av læringspunkta.

I tillegg til førebuingane som er gjort tysdag ettermiddag og kveld, vil det bli vurdert lokale beredskapsløysingar utover onsdag føremiddag.