Meteorologisk institutt har nedgradert farevarselet på kysten av Nordfjord og Møre og Romsdal frå raudt til oransje. Det er fortsatt stor fare for svært kraftige vindkast i kveld og natt til torsdag.

– Alle skular og barnehagar held opne i morgon. Skjer det hendingar som tilseier at avgjersla må endrast, vil det komme ny info tidleg torsdag morgon, opplyser Stad kommune.

Oppstår det ein situasjon med straumstans og nedetid på mobil- og nettenester (over lengre tid) vil det i naudsituasjonar vere mogleg å ta kontakt med kommunen sitt beredskapsteam på følgjande stadar:

Nordfjordeid - Stad rådhus

Selje - Kommunehuset

Leikanger - Stadlandet eldresenter / Fredly

Flatraket - Flatraket skule