I over 20 år har Opera Nordfjord arrangert konsert til inntekt for TV-aksjonen under operafestvekene. I år går inntektene frå TV-aksjonen til Redd Barna og deira arbeid med å hjelpe barn som er ramma av krig og konflikt.

Torsdag 12. oktober ønskjer operaen igjen velkomen til konsert i Eid Kkrkje på Nordfjordeid.

– Solistar og musikarar frå musikalen Soga om Sol sørger for eit variert og rikhaldig program, med ei fin blanding av mellom anna musikalutdrag, duettar, blåsetrio og klarinett-kvintett. Nordfjordsongen med Eivind Kandal er sjølvsagt òg med på repertoaret, og elles blir det øvrige programmet til i løpet av dei neste dagane, når det vert øvd intenst på fridagane mellom framsyningane av Soga om Sol, opplyser operasjef Kari Standal Pavelich.

Publikum får møte både dei meir erfarne, profesjonelle aktørane og dei unge talenta som enno ikkje har starta det profesjonelle løpet, men som har planane klare for vidare utdanning innan song og scenekunst.

Konserten er gratis, med kollekt ved utgangen.

– Alle som deltek stiller gratis, hovudsponsor dekker annonseutgifter, og kyrkja er gratis å leige. Opera Nordfjord ønskjer alle velkomne til ein innhaldsrik konsert og vonar at ein kan fylle kyrkja torsdag kveld for å skaffe midlar til ei viktig sak, seier operasjefen.

Av dei som opptrer, er mellom anna Ingrid Tykhelle Kayser med Losing My Mind frå musikalen Follies, Ane Woxen med Sommernatt ved fjorden, Erlend Gjul med Thank You frå Secret Garden, Runa Bergem med I am Not That Girl frå Wicked og sjølvsagt Eivind Kandal med Nordfjordsongen. I tillegg får ei rekkje vakre instrumentalinnslag frå våre dyktige orkestermusikarar.