Det har gått eitt mindre steinras ved Ålhus på E39 i Jølster. Ein lastebil vart treft, men køyrde vidare frå staden.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 01.21 natt til torsdag.

Det skal ikkje vere nokon personar som er skada.

Vegtrafiksentralen Vest melder at det er venta geolog til rasstaden når det lysnar, for å vurdere området.

Det var ein større stein og noko mindre steinar som hadde kome ned i vegen.

No er det omkøyring på sørsida av Jølstravatnet for mindre køyretøy.

Større køyretøy må inntil vidare via rv5 og Fv 615 nordover, og dei som kjem sørover må køyre rv5 frå Skei mot Lærdal og vidare på E16.