Bakgrunnen for at eg skriv denne korte kommentaren, har samanheng med meldingane avisa får. At dei er forholdsvis mange, og likelydande. Men det har også samanheng med at dei som har kontakta oss er redde for å stå fram med namn og nummer, fordi dei då er overtydde om at dei ikkje har jobb i morgon.

I ei tid der alle blir oppmoda om å seie frå, varsle, om kritikkverdige forhold finn vi det merkeleg at leiarar på kommunalt nivå ikkje har fått med seg at det faktisk er ei plikt å melde om kritikkverdige forhold, og at det skal vere trygt.

For dei som greier å hugse nokre år tilbake, då styret i Helse Førde behandla Nordfjord sjukehus si framtid. Omstillingane var store og vansklege, og tilsette sa meir eller mindre klart ifrå om kva dei tykte om omstillingane. Nokre brukte sterkare ord enn andre. Det som sette sinna i kok var då eitt par av styremedlemmane gav klar beskjed til tilsette at; «Anten er du med oss eller så er du mot oss». Meldinga var rimeleg klar på dei som hadde andre meiningar enn leiing og styre,  burde finne seg noko anna å gjere.

Vi finn det urovekkande at vi i dag får dei same meldingane frå tilsette i Eid kommune. «Dei som ikkje er med på den omstillinga vi er i ferd med no, kan berre finne seg noko anna å gjere». I beste fall er dette eit totalt misoppfatta leiingsprinsipp. Uansett så er det urovekkande at leiarar nyttar denne type trugsmål, når vi alle veit at det viktigaste for å lukkast, er at ein evnar motivere medarbeidarar til å dra lasset saman. Ein må akseptere at det blir stilt spørsmål, at det vil vere andre meiningar og løysingar. Greier ein ikkje den del av jobben, så er det rimeleg sikkert at ein er dømd til å mislukkast.

Samhandle, samskape, motivere, inspirere og integrere er flotte ord som har blitt brukt når det blir snakka om korleis vi skal bygge nye Stad kommune. Ingen er usamd i at det er viktig å samhandel og samskape for å nå felles mål. Ingen er usamd i at motivasjon er viktig for å få ting til. Ingen er usamd i at det er viktig å inspirere, for å få tilsette og innbyggarar til å delta - og bidra. Ingen er usamd i at det er viktig å inkludere. Inkludere handlar ikkje berre om å inkludere nye landsmenn, det handlar vel så mykje om å inkludere fleste muleg i det vi held på med, om det er i jobbsamanheng eller på fritid. Spørsmålet mitt er; Når det er så nødvendig å samhandel for å lukkast, uansett kva det gjeld, kvifor er det ikkje slik i enkelte avdelingar i Eid kommune? Vi er alle saman einige om at det er ei felles målsetting å skape ein kommune der det skal vere godt og bu, arbeide, gå på skule, spele fotball og gå på ski – for alle. Vi er alle samde om at det er viktig at ein kommune gjev innbyggarane så gode tenester som mogeleg. Eller sagt på ein annan måte at Stad skal vere eit livskraftig samfunn der alle dreg i lag.

På det siste møtet i Eid kommunestyre, den 1. februar, informerte Eid sin rådmann, som også er prosjektleiar for Stad 2020, politikarane om status for kommunesamanslåingsprosjektet. I framkant av rådmannen sin informasjon prøvde ordførar Alfred Bjørlo å latterleggjere Fjordabladet sitt referat frå møtet i Fellesnemnda. Det må ordføraren gjerne gjere, sjølv om det kanskje ikkje heilt heng saman med dei mål ein trekk opp. Både eg og Fjordabladet toler å bli latterleggjort ein gong i blant, men det kan vere problematisk om den måten å omtale ting på er ein kultur.

Latterleggjering er det stikk motsette av å motivere og inspirere. Å snakke nedlatande om, og no har eg ikkje meg sjølv eller avisa eg jobbar i i tankane, er det stikk motsette av å inkludere. Meldingane vi har fått har som fellestrekk at folk føler seg latterleggjort når dei stiller spørsmål. Dei føler seg truga når dei melder frå. Til slutt resulterer det i at ingen seier noko. Det går ut over dei det ikkje skal gå ut over – brukarane. Summen av alle dei sakene som vi her snakkar om resulterer i at folk føler seg frosne ut, noko som fort kan føre til mistrivsel og sjukemelding.

Dersom vi skal ta alle fine ord og målsettingar på alvor, må Eid kommune rydde opp i eigne rekkjer. Dersom det ikkje blir gjort, er eg overtydd om at det vil kome ein dag då trugsmål om oppseiing, omplassering og andre ting vil bli ignorert. Den smellen bør ein unngå. Korleis ein skal unngå den, vil ein kvar god leiar finne ut av.