Det skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Det er estimert at mellom 264.000 og 594.000 tonn tekstilar blir destruerte kvart år i Europa, før dei i det heile er brukte.

Det nye regelverket pålegg bedriftene å innføre tiltak for å førebyggje destruksjon av alle typar uselde varer. Eit forbod mot destruksjon av uselde varer kan også bli innført for andre produktgrupper på sikt. I første omgang skal forbodet gjelde dei store klesaktørane.

Når regelverket er blitt ein del av EØS-avtalen, vil det gjelde i Noreg også.

(©NPK)