Dette er Knut «Bossen» Osnes, Azar Karadas, Ronny Hafsås og Marianne Kjørstad.

Drama i kulissane, store triumfar, kjende og ukjende heltar er noko av innhaldet i den nye boka "50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane", som kjem ut på Selja Forlag denne veka.

– Folk i Sogn og Fjordane har all grunn til å vere stolte av idrettsutøvarane sine. Eg har lenge vore imponert over kor godt mange gjer det både i nasjonal målestokk og i verdseliten, seier forfattar Rune Fossum Lillesvangstu (43).

Oppturar og nedturar

Forfattaren har samla historiene til femti av dei største idrettsutøvarane frå Sogn og Fjordane. Det har resultert i ei bok om triumfar i både VM og OL, forteljingar om utruleg pågangsmot og enorm vilje – men også om personlege nedturar. I ei usminka og ærleg bok får vi også høyre historiene om då Kjell Ove Hauge vart teken i doping, då Eirik Bakke køyrde med promille og då Ann Kristin Flatland ramla frå VM-medalje.

Gamle heltar

Forfattaren var den siste som intervjua gamle heltar som Kjellfred Weum, Håkon Fimland, Knut Osnes og Arne Haukås før dei døydde. Historiene deira er sentrale delar av boka. Odd-Bjørn Hjelmeset fortel om den utrulege karrieren som vart toppa med VM-gull. Tore André Flo lettar på sløret om dei tøffe dagane då han vart Norges dyraste fotballspelar og skulle prestere med heile verda sine auga retta mot seg - samstundes som han hadde tre småungar å ta seg av heime. Store augneblink som Anders Fannemel sin verdsrekord i skiflyging, VM-gulla til Tarjei og Johannes Thingnes Bø og OL-gullet til Margunn Haugenes er sjølvsagt også med.

– Eg håpar eg med denne boka kan vise kor sterkt idrettsfylket Sogn og Fjordane er, med utøvarar som hevdar seg i verdstoppen i sine greiner. Samstundes har det vore kjekt å børste støvet av gløymde heltar. Og eg har ønskt å fortelje historier som ikkje berre handlar om idrett, men det menneskelege vi alle kan kjenne oss att i, seier Rune Fossum Lillesvangstu.