Magni Hjertenes Flyum gler seg til å ta fatt på jobben som generalsekretær i Noregs Ungdomslag. Foto: Eli Strand/NPK

Magni vil skape venskap på tvers av generasjonane

(NPK): Den nye generalsekretæren i Noregs Ungdomslag er ikkje uroa over at mange av medlemmene er langt over ungdomsalder. – Det er ikkje noko mål i seg sjølv å ha flest mogleg ungdom med. Vi skal vere der for alle, seier ho.