Tysdag analyserte Helse Førde 88 prøver og 71 var positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag.

Dagen før, måndag, analyserte Helse Førde 8 prøver og fem av dei var positive.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som er tatt. Mange testar seg også berre ved bruk av hurtigtestar, og det vil difor vere mørketal. Likevel viser tal frå Helse Førde ein trend over tid. Reglane for testing er også endra.

Lista

Tysdag 15. mars: 115 analyserte prøver, 95 positive​​

Onsdag 16. mars: 22 analyserte prøver, 18 positive​​​​​​​​​​

Torsdag 17. mars: 86 analyserte prøver, 72 positive​​​​​​​​​​​​

Fredag 18. til og med søndag 20. mars: 199 analyserte prøver, 160 positive​​​​​​​​

Måndag 21. mars: 8 analyserte prøver, 5 positive​​​​​​​​​​​​

Tysdag 22. mars: 88 analyserte prøver, 71 positive​

Ni koronapasientar

Helse Førde sine tal viser at ni pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Ingen av pasientane er på intensivavdelinga.

Fire pasientar med covid-19 i Helse Førde er døde i løpet av pandemien.