Det sa eine halvdel av Karpe Diem, Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid, då han kom til Nordfjord og Eid kino fredag kveld.

Etter snart tre timar forsinking på grunn av dårleg vêr og omdirigering av fly til Vigra, venta fansen trufast i Operahuset Nordfjord. Det var også mange som gjerne ville snakke med dei to i det populære bandet, og ikkje minst nytte sjansen til selfie.

Fansen stimla rundt dei to frå dei kom inn døra, og etter ein prat i kinosalen var det vanskeleg for dei  å riste av seg alle som ville ha ein bit av dei populære hip-hop musikarane.

Men Magdi og Chirag Rashmikant Patel smilte heile tida og meinte at Nordfjordeid var ein bra plass å kome til.

Tidlegare har dei spelt på Malakoff rockfestival både i 2015 og 2017.

Identitet i Nordfjord

Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid er halvt stryning med ei mor frå Stryn og ein far frå Egypt. Under oppveksten hadde han mange feriar i Stryn og seier at han har mykje av identiteten sin her.

–Eg har mykje slekt i Stryn, men også slektningar på Eid. Nordfjord har alltid betydd mykje for meg, og det gjer det enno. Det var slett ikkje tilfeldig at både Stryn og Eid stod på timeplanen når vi skulle gjennomføre ein miniturné, sa Magdi til Fjordabladet etter møte med fansen i kinosalen fredag kveld.

Der dei mellom anna svarte på spørsmål frå publikum når det gjaldt filmen og konseptet rundt «Adjø Montebello».

Engasjerer dei unge

Filmen «Adjø Montebello» har nyleg hatt Norges-premiere og blei vist på Eid kino både torsdag og fredag. Filmen er ei avslutning av kunstprosjektet «Heisann Montebello».

Mellom 5. november 2015 og 28. august 2016 slapp rapduoen sju singlar med musikkvideoar til kvar låt.

Tittelen med Montebello har referanse til NRK-serien Trotto Libre, der det blir fortalt nyhende frå området Montebello i Oslo. Alt i denne sketsjen handlar om kor mykje pengar dei har på Montebello.

Skilnadar i samfunnet er også eit grunnleggande tema i dei sju musikkvideoane, der det blir sett fokus på mellom anna rasisme, tilhøve mellom dei rike, kvite og vellukka og innvandrarar.

Med si politiske refsing, sagt på ein røff måte, har Karpe Diem truffe ungdommen heime.

–Mykje av identiteten min har eg frå Nordfjord, eg likar folket her og vil alltid kjenne meg heime her, sa Magdi fredag kveld i Operahuset Nordfjord.
I nær tre timar venta Benedikte Totland Alsaker (t.v.) og Kristel Emilie Haaseth Sørland på at Karpe Diem skulle komme til Eid. Dei oppdaga duoen under Malakoff 2015.
–Vi har vore fans sidan 8. klasse og no er vi nitten år. Det er både musikken og tekstane som seier noko viktig, sa Sunniva Honningsvåg (t.v.) og Fnan Bashay.